(0) 0
Logg inn
Brukernavn: Passord:
Homepage 08:45 Fjordsafari & Vandretur
Availability
  June 2019  
Mo Tu We Th Fr Sa Su
          1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
Date
 

08:45 - 14:45

1 JULI – 31 AUGUST kan du bli med på eit ekte stølseventyr!

Turen startar i Flåm med FjordSafari, som går inn i åpninga av Nærøyfjorden med den storslagne Sagfossen som vendepunkt. På veg attende legg me til ved bryggja Skjerdal i Aurlandsfjorden. Derifrå startar fotturen opp til Skjerdal stølsysteri og Kafe.
I byrjinga går me delvis på sti og bilveg oppover mot gardstunet i Skjerdal. Herifrå føl me gamlevegen opp til målet, sommarstølen Leim. Heile vegen har me det særeigne fjordlanskapet i bakgrunnen, med flotte fossefall og historisk kulturlandskap. Vandreturen frå fjorden og opp til sommarstølen tek om lag 1,5 time og er rundt 3 km lang.

På Leim er det omvisning og innføring i tilverkinga av geitosten. Etterpå nytast heimelaga gardslunsj ute på terrassen med ost til forrett og hovudrett basert på lokale og eigne råvarer. Det vert tid til å nyta utsikta og helsa på geitene før me vandrar attende til gardstunet i Skjerdal og returnerar til Flåm med bil.

Turen kan gjennomførast i all slags vèr. Det krevst ingen forkunnskap av deltakarane, men du bør ha bra fysisk form for å gå opp bakkane. Turen passar for dei som ynskjer ei aktiv og anleis oppleving av Aurland og dei særeigne tradisjonane du finn her i området. Turen går frå 0 til 360 høgdemeter.

Klær:
Du treng gode tursko og vanlege uteklede, eventuelt regnklede. Drikkeflaske må vera med.
Er ikkje anbefalt for dei minste og eldste.

VARIGHEIT: 5,5 - 6 timar
INNSJEKK: 20 min før avgang i FjordSafari Resepsjon, Flåm indre hamn

BOOKING STENGER: 18 timar før
KANSELLERINGSFRIST: 72 timar før avgang


Adults (15-100 years) :
Children (4-14 years) :
Infants (0-3 years) :
Price : 0